Det siste vi treng meir av i Norge

image-1

Treng vi møteplassar for kulturuttrykk? Dette spurte Are Kalvø seg, i eit kåseri han heldt da dørene til det nye Melahuset vart opna den 5. desember.

Tekst: Are Kalvø

Illustrasjon: Sureyya Aydin

Folk som har reist litt i Norge, og som liker å vere litt tøffe i kjeften, påpeiker gjerne at alle norske lokalsamfunn med meir enn tretten innbyggarar, har ein bensinstasjon, ein thairestaurant, gjerne i kombinasjon med bensin-stasjonen, NAV, og eit kulturhus med plass til fem hundre menneske.

Og alle sure folk som har reist litt i Norge, spesielt om sommaren, og som liker å vere litt tøffe i kjeften, dei snøftar gjerne og seier at «det er jo snart ein festival på kvar einaste knaus i dette landet».

Det desse sure folka som har reist litt i Norge og som liker å vere litt tøffe i kjeften gjerne gløymer, det er at alternativet til at det er ein festival og eit kulturhus på kvar einaste knaus i dette landet, det er at det berre er ein knaus der. Eg har aldri forstått kva som er så utrulig spennande med det. Med knaus.

Og dessutan: Viss knaus er det du vil ha, så er ikkje det noko problem. Eg lærte nylig at heile jordas befolkning kunne fått plass i Austfold fylke. Det ville blitt litt trangt, og det ville neppe vore politisk mulig, i alle fall ikkje akkurat no, men det er faktisk praktisk mulig. Viss alle fekk ein halv kvadratmeter kvar, så ville alle i heile verden fått plass i Austfold.

Eg seier ikkje at dette er noko vi skal prøve, eller at alle i heile verden har lyst til Austfold, men:

Dette må bety at det framleis er relativt god plass i Norge. Noko som igjen må bety at det ikkje er noko problem i Norge å unngå kultur, viss det skulle vere ønskelig.

Du finn lett ein knaus, eller ein stubbe, eller eit fjell, eller ei slette der du kan vere heilt åleine, der du slepp å høyre nokon spele eit instrument, der du slepp å ha noko som helst med andre menneske å gjere. Og der kan du sitte heilt åleine, og vere sur, eller ta bilde av deg sjølv for å føle deg litt mindre åleine.

Viss det er det du vil.

Men, og det er jo dette som skiljer Norge no frå Norge for femti år sidan, viss du ikkje vil det, så har du no også muligheiter.

Og du har mange muligheiter. Fordi det er festivalar og kulturhus på kvar einaste knaus. For det er også fint. Viss du skulle gå glipp av julekonserten med Elisabeth Rybak og Alexander Andreassen og alle dei andre på det lokale kulturhuset i heimbygda di, så gjer ikkje det så mykje. For dei speler på kulturhuset i nabobygda dagen etter. Så då kan du dra dit og sjå dei. Og det kan jo ikkje skade med ein tur til nabo-bygda av og til.

Og viss du skulle gå glipp av den store norske festivalen med Aurora Sundfør som hovudattraksjon og alle desse spennande matbodene, så gjer ikkje det heller så mykje. For neste helg er det ein annan stor norsk festival ikkje så langt unna. Der er også Aurora Sundfør hovudattraksjon. Og der kan du også drikke øl frå plastbeger, og der kan du også stå i kø for å kjøpe kortreist og handtrakka økologisk burger av litt bakfulle frivillige.

Og ikkje nok med det. Ikkje eit vondt ord om verken Elisabeth Aurora eller Alexander Sundfør, eg liker alle fem, men viss du har lyst til å sjå og høyre noko anna enn Elisabeth Sundfør og Aurora Susanne Rybak, eller noko anna i tillegg til Elisabeth Sundfør og Aurora Andreassen, medan du et kortreist og handtrakka burger, så kan du det også.

Fordi at etter kvart som det har komme ein festival på kvar einaste knaus og eit kulturhus i kvart einaste lokalsamfunn med meir enn tretten innbyggarar, så har det også oppstått eit ønske om og eit behov for festivalar som er alternativ til dei andre festivalane, og kulturhus som er alternativ til dei andre kultur-husa, der du kan oppleve artistar og fenomen som du ikkje var klar over at du likte, som du ikkje visste du var interessert i, og som du i mange tilfelle ikkje klarer å uttale.

Det å sitte heilt åleine ein plass og vere sur eller kjenne den store roa, det har aldri vore eit problem i Norge, og det er det framleis ikkje.

Det er det andre som har vore eit problem. Og som blir litt mindre eit problem for kvar gong ein knaus eller en plass eller eit gatehjørne sluttar å vere berre ein knaus eller ein plass eller eit gatehjørne, men blir for eksempel ein festivalarena eller ein kafe eller ein møteplass eller eit kulturhus eller ei konsertscene, eller alt dette på ein gong.

Som du lett kan unngå, viss du vil det. Viss du vil vere i fred. Og viss du verkelig vil vere i fred, slutt å ta bilde av deg sjølv mens du er i fred og send til oss andre. For vi har ikkje tid.

Det skjer såpass mykje i dette landet no, at vi har rett og slett ikkje tid. Vi skal på konsert. Og vi skal danse. Og vi skal måle kvarandre i trynet. Vi skal kort sagt halde på.

Heldigvis.

Gratulerer med Melahuset.